fredag 21. januar 2011

Søndagsskule 23. januar. Tema: Den rike bonden

Førstkomande søndag er det søndagsskule under gudstenesta i kyrkja, og det blir to grupper. Ei for dei minste (0-3 år, gullklumpane) og så ei for dei som er eldre.
 
Gullklumpane skal ha syngja og leika, medan dei store skal høyra om "Den rike bonden" med leikeforteljing, syngja litt, ha ein leik og så blir det sjølvsagt noko godt å eta til alle.
 
Velkommen!

søndag 9. januar 2011

Samlingar fram til vinterferien

9. januar: Gudsteneste og søndagsskule
23. januar: Gudsteneste og søndagsskule
6. februar: Gudsteneste og søndagsskule
20. februar: Berre søndagsskule - fleire grupper og kafe!
27. februar: Skigudsteneste på Sjusete. Ikkje søndagsskule, men kjekt å vera der!

Når søndagsskulen er ein del av gudstenesta pleier me å gå ut før preika. Dersom nokon vil koma rett til søndagsskulen uten å vera på gudstenesta først, er det heilt i orden å koma rett til søndagsskulen, ca kl 11.15.

Foreldre er hjarteleg velkomne til å vea med, men det er også greitt å senda barna åleine på søndagsskulen.